Bli kjent med ARENA Samfunnsstyret – Simen Rotvatn (Driftsleder)

Driftsleder (Arena Bar) Simen Rotvatn

Navn: Simen Rotevatn

Alder: 20 år

Sted: Volda i Møre og Romsdal


Interesser:

Eg er ein ekte sunnmøring med god arbeidsvilje, og er ikkje redd for å vere direkte. Det er viktig å skilje mellom personlig angrep og business. Her er nokre kloke ord: «Never reply when you are angry. Never make a promise when you are happy. Never make a decision when you are sad.»

Dykk vil heilt sikkert ikkje høyre på kva mine interesse er, så om dette er keisamt, ver fri til å hoppe over dette avsnittet. Eg har lenge vore interessert i musikk og har spelt i band ei god stund. Eg har jobba med forskjelleg innan musikk som scenerigging, og driv no Lydfiskfestivalen på Nesodden som vi har hatt i to år no. Eg driv også å bookar band amatørmessig. Så mi interesse har altså veldig mykje med musikk å gjere.

 

Hva liker du å gjøre på Rena:

Om du er interessert i kva som i det heile går an å gjere på Rena, er lista diverse lite interessant:

  1. Skule
  2. Feste på Arena Bar
  3. Vere i aktivitet med Arena Idrett
  4. Henge på Mix med lokalbefolkninga
  5. Sjå alt som er på Netflix før det går opp for deg at det har gådd fire månadar, og du har eksamen om ei vekes tid.
  6. Tilfeldigvis spasere inn på «PØBBEN» fordi du såg mykje lys og syntast dette var svært interessant, men vert skuffa kvar gong når du ser at dette berre er ein heilt vanleg pub med gamle folk og militær-folk.
  7. Verte så overraska når politiet kjem at du har meir lyst til å oppsøkje dei istaden for å unngå dei. (Sete opp i tilfeldig rekkefølgje). For meg er alle punkt unntatt fire, fordi eg ikkje har turt endå, og fem, fordi eg har lært etter to år, aktuelt.

 

Stilling:

Ansvarlig for Arena Bar.

 

Motivasjon til å søke på verv:

Eg søkte til verv fordi eg likar å vere Kongen. Veldig mange kallar meg faktisk «King Slimmy». Ok, ikkje så veldig mange, men verdfall to! Greit, det er ein som kallar meg det. Javel, greit, det er meg sjølv. Men frå spøk til litt alvor så søkte eg til Driftsjef for eg trur eg kan forbetre Arena Bar slik tilbodet vert større for alle studentar her på Rena, og med dette kan endå fleire gjere punkt to nemnd over, og helst unngå punkt seks.

 

Mål med stilling i Arena Samfunnsstyret:

Eg lovar at eg skal gjere det beste eg kan som driftsjef. Eg skal drikke mindre, sjå mindre på Netflix og gjer mindre skulearbeid slik at eg kan fokusere berre på at dykk studentar skal få ha det kjekt og drikke meir på Arena Bar.

 

 

 

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *